Hordaland, Övrigt

OBS: ANSÖKNINGSTIDEN HAR PASSERAT!

Visa aktuella jobb i denna kategori.

Avdelingsleiar/Spesialbibliotekar

Høgskolen Stord/Haugesund søkjer ein bibliotekar til fast 100 % stilling som avdelingsleiar ved høgskolebiblioteket på Stord.

Ansvars- og arbeidsområde:
- Ansvar for dagleg drift av biblioteket på Stord
- Bidra til eit bibliotek i fagleg vekst og utvikling
- Inspirera til nytenking og utprøving av nye arbeidsmåtar

Høgskolens bibliotek har ti tilsette (fem på Stord). Biblioteket har eit høgt service-nivå og får gode tilbakemeldingar i brukarundersøkingar blant studentar og tilsette. Vi har godt med ressursar, satsar sterkt på elektronisk informasjon og kan tilby gode vilkår for fagleg utvikling. Sjå vår heimeside: http://www.hsh.no/biblioteket.htm

Til stillinga ligg det varierte faglege oppgåver, inkludert rettleiing og undervisning. Den som vert tilsett vil i stor grad vere med på å utforme innhaldet i stillinga.

Kvalifikasjonar:
Vi søkjer etter ein engasjert medarbeidar med gode samarbeidsevner. Bibliotekfagleg utdanning og erfaring er ein fordel, men søkjarar med anna høgre utdanning kan òg vere av interesse. IKT kompetanse vil også bli vektlagt.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folkesetnaden. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Lønsvilkår:
Stillinga vert løna i samsvar med Statens lønsregulativ som spesialbibliotekar, kode 1515, ltr. 45-68, avhengig av kvalifikasjonar. Stillinga gir medlemskap i Statens pensjonskasse.

Kontaktpersonar:
Halfdan Wiik, tlf. ****** , e-post: ******

Søknad:
vedlagt CV, kopiar av vitnemål og attestar sender via søknadskjemaet nedenfor eller

Høgskolen Stord/Haugesund
Klingenbergv. 8
5414 Stord

Merk søknaden: 2010/1014
Søknadsfrist: 9. juni 2010

Skriv ut

Företag

Plats

Anställningsform

- Heltid

ID

95368

Liknande jobb